Home

Mitt liv - ei open bok

Boki, der forfattaren gjev oss livssoga si frå året 1944 på Askje i Lårdal og fram til i dag, bêr med rette tittelen «Mitt liv - ei open bok». Alt i innleiingi let Aabø oss vita at han heilt frå dagane som smågut var glad i å skrive, noko han i alle år hev halde fram med. Og utvikla, tør eg leggje til. Soleis er det inga overrasking at han no gjev ut ei mykje lesevenleg og -verdig bok, både i innhald og form. I tillegg finn me eit særs rikeleg biletmateriale som naturleg utfyller teksten side for side.
Eg tør kalle boki eit personleg tidsbilete over gode 70 år, måla ut ifrå forfattarens eigen klåre ståstad. Boki kan lesast som eit bilete av nasjonens utvikling, lokal historie, eller som eit ærleg jølvportrett, dei nære omgjevnadene medrekna. Om du les boki slik eller slik, vil du sitja att med ny kunnskap, og for mange, høg grad av attkjenning.  ......

kr 270,00 Add to cart

More details →

Shop by Category

New In

Best Sellers